Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53488. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53488
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53488. ML category: ml3020 (Ukyndig løser Fanden). Collector: Anton Røstad. Place: Verdal. County: Nord-Trøndelag. Archive signature: NFL 25, s.29f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53488 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53488/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var ein gut som fann svarteboka ein gong, og so byrja
han å lesa i henne. Han trefte so til å slå upp den sida der det
stod fortalt korleis ein skal løysa han Gammel-Erik. Og medan
han stod der med boka, kom ogso vondemannen og spurde kva
han vilde 'åm. Gutten visste ikkje korleis han kunde binda han,
og måtte difor gi 'åm noko arbeid som kunde hefta han, til
presten vann koma.
Det låg ein sekk med bygg der ein stad, og det var eit stort
hol i den. Denne sekken skulde so vondemannen bera burt
på ein annan plass. Då han reiste med sekken, rann sjølsagt alt
bygget ut, og han fekk eit fårleg stræv med å plukka det upp
atter. Det drygdes difor lite grand, men det var ikkje lang
stunda fyrr han var ferdig med det arbeidet. Og presten hadde
enno ikkje vunne koma.
So måtte guten gi 'åm eit anna arbeid, so han hadde noko å
halda på med. Det låg ei stor dundyne der, og det var eit stort
hol i henne. Denne dundyna skulde han Gammel-Sjul bera burt
på ein annan plass. Då han la i veg med dyna, fauk all duna
ut i ver og vind, og det vart eit fælt stræv å samla ho i hop atter.
Men då han Gammel-Sjul var ferdig, kom han att og spurde
etter meir arbeid. No visste guten ikkje si arme råd kva han
skulde finna på til å hefta han; for presten var enno ikkje ko-
men. Men guten var ikkje vekke heller, og so reiv han laus eit
krølla hår. Det sette han gamlen til å beinka. Men den gongen
hadde han Gammel-Erik fått eit arbeid som var verre. Han
stræva og stræva; men det slo seg like krokut for 'åm. Til slutt
lyfte han på ein stabbursstolpe og persa det under der; men det
hjelpte ikkje. Då gret han Gammel-Erik. Han arbeidde og
gret; men det var uråd for 'åm å beinka dette håret. Og so
kom presten og batt han.