Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

I Sør-Audnedal var det ei kona som saa tidt saag ei podda naar ho skar korn. Ho var saa tykk og svær denne podda, og ein gong sa ho at ho skulde ha moro av aa sjaa naar denne podda skulde gjera barsel. Ein kveld, det var endaa jolekvelden, kom det bod til denne kona at ho maatte koma og hjelpa ei som laag i barselseng. Ho blei med saa fort ho kunde, og saa snart dei var utum døra, saa var dei hos underjordsfolka. Burte i senga laag kona, og det fyrste ho sa var: "Dæ va meg du ønskte aa sjaa." Ho som kom inn, blei reint forskrekka; men ho hjalp til saa godt ho kunde, og alt gjekk godt. Daa barnet var født, sa ho som laag i senga: "Ta noge a den flaska som stenne der borte i skaabe aa smør paa øyan paa baadne!" Ja, ho gjorde som kona sa, men ho kom til aa stryka over det eine auga sitt med same ho hadde smurt barnet, og sidan kom ho til aa kunna sjaa underjordsfolka, sjølv um andre ikkje saag dei. Ein dag ho var til kyrkja, helsa ho paa ein mann der, og han spurde med det same: "Ko, sere du meg?" og saa stakk han ut det auga ho saag han med.
Informasjonom sagnet og kilden