Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var eingong for lenge sidan ei kjerring paa Hedde som trefte so titt ein tusse. Var ho i fjoset, so saag ho han tasla i smog og smytte. So var det eingong tussen kom og daa tottest han hava slik hast. Han bad kjeringi um ho vilde fylgja han heim til tussegarden, for kjeringi hans var med barn, og no var ho barnsjuk og ingen hadde han til aa hjelpa. Kjeringi totte syndlegt um tussen og lova aa fylgja han heim. Daa vart tussen so glad at han kjette seg som eit ked. Det var inkje so langt dei ha aa reisa, berre nord under Heddesfjødde. Daa dei kom inn i stova laag tussekjeringi svært sjuk. Um inkje so lenge so bar det avstade. Daa kjeringi ha vaska og reiva barnet, kom tussen med eit glas som var noko smyrgje i, som han bad henne smyrgja barnet i augorne med. Dette gjorde kjeringi, men var inkje meir varsam hell ho tok seg upp i det eine auga med den handi. So lenge kjeringi var i tussegarden gaadde ho ingen ting at ho ela i auga, men daa ho kom heimatt, saag ho tussarne alt støtt med det auga. Dette vart kjeringi leidd av, og sa det med tussen daa ho trefte han. Ho spurde tussen korleis ho skulde verta kvitt det. Tussen spurde kva det var for eit auga. Det fekk han veta. So drog han tollekniven or sliri og stakk ut auga paa kjeringi. Etter den dag saag ho inkje meir til den tussen. Hev han kje døyt so lever han endaa.
Informasjonom sagnet og kilden