Tilbake

Kjærringa og podda

NORSK ORIGINAL

Kjærringa og podda. Det var ei gong ei kjerring som gjekk ute paa aakeren og rakte og pila aks. Daa fekk ho sjaa ei podde som ho totte var so underleg brei og svær av seg aa sjaa til. Kjerringa, hell kansi det va ei jenta, va nok noko lettliva a seg. Ho slog etter podda og sa i det same: "Eg ska vera nærkaana di eg". Ja, ja, kjerringa tenkte ikkje meir yve dette. Men um kvellen kom det ein mann ho ikkje kjende og bad at ho vilde koma aa vera nærkaana for kjerringa hans. Ho totte nok dette va noko rart, men mannen sa ho hadde lovt saa der va ikkje anna enn at ho laut med aa saa gjekk dei daa. Langt um lengje kom dei til ein gild gar og gjekk inn i stova der kjerringa hans laag. Utpaa natti, saan maaranbilet blei baadnet føtt, og nærkaana tok aa hamska det. Men daa ho va ferdug, tok mannen baadnet og gjekk ut med det og vart ute eit lite bil. Men han kom daa inn att, og kaana hanses spurde daa um han hadde fenge bytte. "Ja", svara mannen, det hadde han daa fenge og han ga nærkaana ei flaska med noko uppi, som ho sku smørja baadnet yve auann med. Men med ho held paa med dette, kom ho til aa kleia seg med fingen upp i det eine aue og ho saag daa at ikkje baae auann saag likt. Ho saag med det eine aue som ho hadde kleid seg uppi, at folkann ikkje va som andre, men maatte vera underjordsfolk. - Men mannen hadde au sett at ho kom upp i aua med fingen, og han spurde ho um ho saag likt med baae auann. Nei, ho gjorde daa ikkje det; og fyrr nærkaana visste noko, tok mannen og stakk ut det aua ho hadde kleid seg i. Men daa var det just som alt kvarv for henne og ho sansa ikkje noko fyrr ho fann seg att heime i si eige stova.
Informasjonom sagnet og kilden