Tilbake
Sitering
Kort referanse
Havfrua. Norske sagn, ID 53249. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53249
Utvidet referanse
Havfrua. Norske sagn, ID 53249. ML category: ml4055 (Sjøvetter varsler storm). Collector: Johan Hveding. Place: Nord-Norge. County: Finnmark. Archive signature: NFL 53, s. 39. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53249 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53249/
Havfrua
NORSK ORIGINAL
Havfrua.
"Havfrua har eg sett med mine eigne augo," fortalde ein gamal mann. "Det var eingong vi låg for varp ute på egga. Sjøen var still som eit mjølkefat. Best som vi låg der, kom det stikkande opp or sjøen ein liknelse som eg aldri gløymer. Det var som eit stort strålande andlet vende seg imot oss, og frå havet flaut det opp ein hårfloke som låg som ei tangbru attover sjøen. Havfrua reiste seg høgt i sjøen og stod som ei dronning. – Dette synet var til å ta varsel av, det skyna vi alle på båten. Vi kasta ilsteinen og rodde i land straks. Men vi var ikkje fyrr komne opp, fyrr det la til med eit uver så fælt at himmel og hav stod i eitt."