Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Nokre saltværingsbåtar låg utfor Henningsvær; dei låg for krabbe. Med eitt fekk dei slik overhendig til landvindsstorm. Han var so grov, dei visste ikkje um dei fekk bruka segl. Og ein av båtane vann seg ikkje under land. Men dei var varsla um denne stormen. Um morgonen, den- tid dei rodde ut, hadde fleire av dei vorte vis ein skapnad som stod å reise i sjøen. Men han Hans Olso i Vestvatn (Skjerstad) akta på vars- linga, han. Det var ein morgon han rodde ut, so fekk dei sjå havman- nen ved holmane utfor Henningsvær. "Da bi inkj tur i dag. Ro berre baker i være," sa han Hans. Og so rett dei gjor; det vart eit forrykande ver utpå dagen. Det var eit båtlag som låg på sjøen og drog bruk. So fekk dei høyra det la i å ropa. Høvesmannen tok då ein gammal skinnstakk og kasta over båtripa. Ei tid deretter, dei låg utpå, kveste han i og vart noko tung- sjøåt. Då fekk dei høyra att dette same målet. "Du mann, du mann som me sjinnstakkjen ga! Da dønra bott'n, da homra i hav. Ro av! Ro av!" Høvesmannen bad dei skjera over lina og set segl. Det bles upp til storstorm; og mange båtar kom seg ikkje under land.
Informasjonom sagnet og kilden