Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53256. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53256
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53256. ML category: ml4055 (Sjøvetter varsler storm). Collector: Johan Hveding. Place: Ofoten. County: Nordland. Archive signature: NFL 53, s. 41. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53256 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53256/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Nokre år etter rodde han Sivert vinterfiske på Lofoten. Ein
morgon han kom ned åt båten sin, fann han ein ovstor sjøvott
liggjande i framskotten. Han Sivert skunda seg då og fekk
botten ein vott til make åt den han hadde funne. Det var nett
same let og same storleik på han. Så kasta han begge vottane
på havet.
Nokre dagar seinare var han Sivert og drog bruk inne på
Vestfjorden. Det var mykje båt ute den dagen, og vêret dæmde
stygt ihop. Då høyrde han eit grovt, sterkt mål ute frå havet:
"Du mann som votten gav, ber for vêret av! Høyr for eit dun
uti havet!"
Dette var eit varsel. Han Sivert reiste på land strakst;
men uvêret kom så hardt på, at han vann ikkje opp til heim-
været sitt. Han laut halda til eit anna vær. - Andre båtar
måtte òg halda undan vêret, og mange fiskarar sette livet til
i Lofoten den dagen.