Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong kom det ein haugakar til ei budeie, ei gjente, som var på stølen. Han vilde endeleg ha henne til kjerring. Då ho ikkje vart kvitt han, spurde gjenta ein dag: "Du kann 'kji seia me rå for ei kvige o ein ukse so ha gått att i skoge o ikkji vil koma heim?" Då svara haugakaren: "Du ska ta tybast o vivank o marihand o de brune so renn or tyra. O dette ska du ha på kjyre, so kjem ho nokk att." Gjenta fann seg dette som karen sa. Men ho hadde det på seg sjølv i staden for på kui. Ei stund etter kom haugakaren att. Då var han sint og sa: "Å tvi vørte de! E va tru mot de, men du ha vøre utru mot me!" Etter den tidi fekk han ikkje meir makt med gjenta.
Informasjonom sagnet og kilden