Tilbake

Svarteboka på Nerland

NORSK ORIGINAL

Svarteboka på Nerland Han Kristen Nerland på Otrøya hadde svarteboka. Han kjøpt'o på ein auksjon etter'nå Feta-Ola. Han Ola hadde kjøpt ho tå 'nå Nils Ess for ei tunne korn. - Ho skulde vere skriva tå ein einbent jøde i Jerusalem, og skulde vere oversett frå det gamle hebraiske i Wittenberg. So var det ein søndag dei var med Aukrakyrkja, at te- nesttausa på Nerland hadde funne ti 'na boka, og begynte og las ti 'na. So las ho det som løyste Gamlingen sjøl au, og so kom han og vilde ha arbeid. Og då visst'o ikkje anna te set'n te enn at'n skulde øyse tom Rakvågen med eit tunneband. Ja, når dei kom att då, frå kyrkja so kom dei seg ik- kje lenger enn åt Røyrsetsteinom, for sjøfok, endå det var stilt og fint ver. Der måtte dei leggje til lands. Men han Kristen skyna korleis det stod te då, han, og han skunda seg og gjekk heim og fekk binde Gamlekaren.
Informasjonom sagnet og kilden