Tilbake

Hulderkallen og tjøregryta

NORSK ORIGINAL

Hulderkallen og tjøregryta. Eingong var det ein hulderkall som låg så etter ei kone. Kvar ho gjekk visste ho seg aldri sikker for honom. Ho tok då den råda at ho ikkje gjekk nokon stad utan å ha stål på seg. På det viset kunne nok ikkje hulderkallen taka henne med til heimen sin, men fri påhenget hans vart ho ikkje. Dei gav henne då den råd, at ho skulle gjera hulderkallen ei slik prette, at ho vart honom kvitt for ettertida. Kona så gjorde. Neste gongen den underjordiske kom, så sa ho til honom at han fekk koma til henne ein kveld etter det var vorten mørkt. Den underjordiske vart glad og lova koma til stemnemøtet. Til fastsett tid gjekk kona til den staden ho hadde peika ut, men ho tok ei kokande tjøregryte med. Hulderkallen drygde ikkje han heller. På stemsett klokkeslett var han der. Kona hadde lagt seg på ei seng inne i romet der dei skulle møtast. Hul- derkallen gjekk straks og la seg attmed henne. Men då han ville nærmare, så måta ho det så til at han kom opp i den kokande tjøregryta. Men då illskreik hulderkallen og for sin veg. Han kvinte som ein gris då han for ut døra. Men etter den dag var ho kvitt påhenget hans.
Informasjonom sagnet og kilden