Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På ein gard var det ei gjente som var so utsett for ein hauga- kar. Han kom til henne - mest um nettene - og vilde inn på henne. Ho vilde ikkje vita tå han. Tilslutt visste ho ikkje si arme råd. Men det var ei tenkt gjente, dette, skal du høyre. Ein kveld kom haugakaren att rekande. Då sa ho: "Han far har ei kvige so dei underjordiske vil fara me. Veit du noko rå før de?" Då svara haugakaren: "Burt i Helestrøndbøkko finne du tybast o vidvank. Tybast'n ska du binde på fot'n åt kyr'n. Vivank'n ska du røykji ikring ho me. Gjere du so, sko dei nøkk ikkji ha makt me 'n meir!" Gjenta tok rådi åt seg sjølv. Ein kveld haugakaren kom att sa han: "No ha du brukt råe e ga de. Men hadde e visst at du hadde nytta ho sjøl, so ha e visst ikkji tala um de te de." Å ja, det var vel som ventande var, det! Men frå den da- gen vart no gjenta kvitt karen, ho!
Informasjonom sagnet og kilden