Tilbake
Sitering
Kort referanse
Den usynlege guten var ikkje god lure. Norske sagn, ID 53289. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53289
Utvidet referanse
Den usynlege guten var ikkje god lure. Norske sagn, ID 53289. ML category: ml6000 (Nærsøken huldrekar (tussefrier)). Informant: Gunhild Kyrkjebakken, f. 1863, d. 1947. Collector: Knut Hermundstad. Place: Sør-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 75, s. 82f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53289 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53289/
Den usynlege guten var ikkje god lure
NORSK ORIGINAL
Den usynlege guten var ikkje god lure.
Det var ein gong ei svært fin gjente på ein gard. Som
bruken var, låg ho i fjøset. Ein torsdagskveld ho låg der,
totte ho det var noko som kom og la seg opp i sengi til
henne, so ho ikkje fekk korkje tala eller leda på seg. So låg
det slik til om morgonen. Då for det ut att. Men gjenta gat
ikkje noko om det ho hadde vore ute for.
Andre torsdagskvelden gjekk det plent sameleis.
Tredje torsdagskvelden kom utysket att, men då såg ho
at det var ein gut. No tala ho ved han og. Ho skjønte då
at det var ein tå dei usynlege. Men koss skulde ho bli kvitt
han? Jau, gjenta sa det so, ho:
"Ho mor har ei kvige, ho, som de ligg noko ve. Du veit
ikkji rå før di?"
Den usynlege svara:
"Ho ska ta vivang o marihand o tjyru o røykji omkring
henne, so bli ho kvitt di."
So tok han opp handi åt gjenta ei to-tre gonger og såg
i ho og sa:
"De e nokk e, de, som ska vekk!"
So hadde han sukka so tungt og lagt handi hennar ned
att. Dermed stod han opp og gjekk, og gjenta såg aldri til
han meir.
Den usynlege var ikkje god lure, du!
Det skulde nok ha vore heilt sant, dette, sa ho mor, som
har sagt meg denne soga.