Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ein gong ropte det uti Glåma: "Timen er kåmmin, men itte mannen!" Da sette Rynning ut vakter ved elva. Det varde ikkje så lang stunda, så kom det ein kar. Og meir enn travelt hadde han. Men da bad Rynning honom inn. Mannen ville ut att med det same, men presten fekk endeleg stogga honom. Om kvelden vart framandkaren sjuk og bad om vatn, men dette vatnet laut vera frå Glåma. Og så vart henta. Men med det same han hadde drukke nokre svelgjer, så døydde han.
Informasjonom sagnet og kilden