Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Ja, ho besta tala um ei trollkjerring; denne rende kring- um og samla til seg rymen åt anna folk. Ein dag hadde ho sett terna si til å kinna; ho vart tilsagd å ha 2 ausor med ryme i kinna; men inkje meir. "E vel no ut å rek u' lit, alt me du kjinna," sa ho, og strauk på dør. Terna gjorde som ho var bedd; ho let i kinna 2 ausor og sette seg til. Men so kom ho i tanke um det var i knapaste laget med ryme; let so 2 ausor til i kinna. Men dette gjekk ikkje bra. Rymen tok so til å gang ut; og vekja fekk kinna so full ho laut etter kjørel å ta or. Men vel ho hadde sett seg, bar det til att på same viset. So etter nye kjørel. Og slik heldt ho det no gangande til det stod fullt flia med rymekoppar på både bord og benker. På kvelden kom matmora heim. Ho var no både trøytt og utasa; arg var ho tillike. "Va da inkj nok om e rann jønno to prestjelda, om so du inkj skuld driv me jønno fir," sa ho. Ho hadde vore og sanka ryme, ho, skynar du.
Informasjonom sagnet og kilden