Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

For lang tid sidan var der ei gjente paa Gjemmestad, som ein sumar støylte for folkje sit paa Gjemmestadstøyla. Denne sumaren vart ho kjend med ei huldregjente som budde der oppe. Dei var saman mest støtt, aa hjelpte kverandre med mjelking, vask og kva som fall. Huldregjenta hadde ein bror som oftast fylgde henne naar ho var saman med Gjemmestagjenta. Sumaren vart slutt aa gjenta flytta heim frå støylen og frå selskapet med dei tvo huldresyskena. Daa julafta var koma same aaret vart gjenta vække. Dei leita etter henne baade høgt og laagt, men like nær var dei, det var som skulde ho vore nedsokka. Gjenta hadde ein bror som visste om desse huldresyskena paa støyla, og han hadde no sina tankar om kvarhelst systra hadde vorte av. Ho var nokk ikkje vække for alle. Han tek aa lagar seg til for støylsferd, lør opp i børsa med ein sylvknapp til kule. So legg han avstad stande råsa til støyls. Det hadde snøna om dagen, so det var tungt for guten aa brøyta seg opp etter støylsvegen, men han gav seg ikkje so daa det leid ut paa kvelden naadde han til støyls. Han faar tinda ta at der er livande i eitt av sela, so han går bort til selet, kliv opp paa taket aa gløser ned skjaaen. Aa jau, det var som han trudde, at systra vart aa finne her oppe. Sessa kring borde i selet sat der eit heilt bryllaupslag av huldrefolk. Brura var hans eiga syster pynta med ei glimande sylvkrune paa hovudet og eit svært sylvbelte kring livet. Brudgommen var huldreguten som systra hadde vorte kjend med om sumaren. Paa borde hadde dei diska opp med bryllaupsmat- og drikke av gildaste slage. Guten paa seltaket drygde ikkje lenge før han lyfte børsa aa tok sikte paa brudgommen, men det var det same kor han laga det, so var der alltid eit spir paa kruna som kom i vegen naar han sikta. I det han står der oppe kastar huldregjenta augo opp i skjaaen aa vert honom var. "I gøymsle" ropar ho. No var der ikkje noko tid aa tapa for honom paa seltaket, eller so kom bryllauplage til aa kverva vekk. Han brenn laust aa kula treffer fysst eit spir paa kruna aa slær det, og so huldrebrudgommen som stuper daud i golve. No vert det ein svær sollj nede i sela. Huldrefolkje tek til aa springe remjande i frå borde, knip i farten med seg den daude huldre-brudgommen aa legg paa dør det snøggaste dei vinn. Dei let etter seg alt som dei hadde staaande i selet, like til nyklane for si eiga dør i fjellet. No gaar guten ned av taket aa inn i selet til systra aa helsar paa henne. Om ei lita tid kjem mor aat huldreguten farande attende til dei aa trygglar og bed om ho ikkje kann faa nyklane som dei hadde lagt att. Alt det andre som i selet var skulde dei faa berre ho fekk nyklane. Huldrekona faar dei, takkar aa skundar seg attende til sitt folk. Guten og systra samlar saman alt det huldrefolkje hadde lete etter seg aa ber det med seg heim daa dei for frå støylen. Alt var brukande anna smøret, men det hadde ikkje vore salta, so det var herskt og uetande. Huldrebrupønte hadde dei paa garden etterpaa. Det var mykje paa lån til dei som skulde gifta seg. Men det var noko rart med dette pynte. Dersom brura som bar det ikkje var jomfru aa visste seg fri for mann, so synte det paa kruna. Det var det same kor blank ho ellest kunne vera, kom ho paa hovude til ei slik so vart ho degg aa miste glansen, so det var ikkje til gode med at det var ein skjinanse for desse brurene. Spire, som guten hadde skote av, freista dei paa alle måtar aa faa fast paa kruna att, men det lukkast ikkje. Dei sende kruna til gullsmedar i Bergen, men desse var like nær, dei greidde ikkje aa festa det paa kruna att. Naar daa kruna var i bruk, laut dei snu henne slik at den sida der spiret var vække snudde attover. Brupyntet hadde dei længe paa garden, men so vart der auksjon i huset og millom alt anna som vart selt var og pyntet. Men det vart selt per i ser so kruna hamna paa ein stad aa beltet paa ein annan. Kva som vart av kruna veit eg ikkje, men beltet kjøpte Friisen i Rugsund for tretten ort. Friisen hadde eit rom i huse sitt, som han hadde mesta fullt av mange slags raritetar som han hadde fenge fat paa, sumt i frå vårt land og sumt ifrå utlande. Han hadde der hangande like til ei paafuglvele, som han hadde fengje tak i på einkorleis vis. Inne i dette romma hadde han òg brurabeltet hangande. Eg var berre ein einaste gong inn i dette rummet dei aara eg var med Friisen, aa daa saag eg beltet og. So eitt aare kjem der ein engelsmann farande til Rugsund aa budde med Friisen. Daa han fekk sjaa beltet vilde han paa harde livet ha beltet koste kva det vilde. Friisen vilde ikkje skilja seg av med det, men Engelsmannen var so trå, at tilslutt fekk han kjøpa det for femti dalar, aa tok det med seg, daa han reiste attende til England. – Ein sumar noka tid etterpaa kjem Engelsmannen att til Rugsund. Han seier daa til Friisen at beltet vil han ikkje skillja seg av med for nokon pris, for sidan han fekk fat paa beltet hev lukka fylgt honom paa alle vis.
Informasjonom sagnet og kilden