Tilbake
Sitering
Kort referanse
Korleis Knattetjedne på Valtjednstøle vart fiskelaust. Norske sagn, ID 53335. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53335
Utvidet referanse
Korleis Knattetjedne på Valtjednstøle vart fiskelaust. Norske sagn, ID 53335. ML category: ml6065 (Huldretjern). Informant: Kristine Ryebakken. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFS Knut Hermundstad 9, s. 146. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53335 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53335/
Korleis Knattetjedne på Valtjednstøle vart fiskelaust
NORSK ORIGINAL
Korleis Knattetjedne på Valtjednstøle vart fiskelaust.
Nordaust for Valtjednstøle i N.A. ligg Knattetjedne. Ein gong vart det fiskelaust. Det gjekk soleis til:
På Valtjednstøle var det ein mann som var stad fiska i Knattetjedne. Med han dreiv på som likast, vart han brått sitjande fast ut på vatnet. Han freista på alle måtar å koma laus, men bergfast sat han. Til slutt skjønte han at det var ikkje alt rett med denne fastsetjingi. Det var nok dei som ikkje likte at han var i Knattetjedne. Han laut då lova seg til ikkje å koma der på fisking meir. Då slapp han laus.
Etter dette gjekk mannen strake vegen heim. So for han på kyrkjegarden i Ulnes og fyllte ei liti hit han hadde med seg med kyrkjegardsjord. Denne bar han med seg på stølen.
Då han kom vest att, drog han radne vegen upp åt Knattetjedne og gav seg til å strå kyrkjegardsjord rundt tjernet. Då han mest var komen saman att med stråingi, sette det i å skrike:
"Esle att le,
ska de bli fisk både åt me o de!"
Men mannen var so uppøst, at han vyrde ikkje ropet. Han strøyde jordi heilt rundt. Sidan har det ikkje vore fisk i Knattetjedne.