Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53336. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53336
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53336. ML category: ml6065 (Huldretjern). Collector: Kjell Bondevik. Place: Sogndal. County: Sogn og Fjordane. Year: 1920. Archive signature: NFS Kjell Bondevik 1, s. 8f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53336 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53336/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Bratten reiste ein gong til fjells og vilde fiska. Mange huldre bruka å fiska i det vatnet. Der var mykje fisk. Bratten fekk fort vekk; men fisken vart burte etter kvart. Han hadde gløymt å opna kjeften på fyrste fisken og sputta nedi og nemna Guds namn. Huldrene tok alt nett etter-kvart. Han vart so fortredige for dette her og lova at han skulde gjera dei eit prett.
Han gjekk på kyrkjegarden og samla ein heil del med mold. So gjekk han uppatt til vatnet og strødde mold rundt heile vatnet. Då hadde ikkje huldrene makt til fiska der. Dei vart leide for dette og gjekk til han og spurde um han ikkje vilde skrapa burt eit lite stykke med mold, so det vart eit led, so dei kunde fiska der. Han skulde då få fiska fritt. Det gjorde han, og fekk sidan fiska som han vilde.