Tilbake
Sitering
Kort referanse
Bytingar. Norske sagn, ID 53356. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53356
Utvidet referanse
Bytingar. Norske sagn, ID 53356. ML category: ml5085 (Byttingen). Informant: Ragndi Moen. Collector: Knut Hermundstad. Place: Nord-Aurdal. County: Oppland. Archive signature: NFL 45, s. 22f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53356 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53356/
Bytingar
NORSK ORIGINAL
Bytingar.
Mannen min, han Karl, var fødd innpå Finnskoge inne ved
svenskegrensa. Bestemor hans var finsk. Ein gong gjekk det
so underleg te med ein liten unge ho hadde fått. Han tok te med
å liggje å nigråte alle netter. Og so vart han so rar tå seg.
Han gret ikkje som andre ungar. Det berre kvæste i han. Un-
gen vart mest som ein byting. At det var bytt ungar ved ho, var
greitt. Ei haugafolk-kjerring måtte ha gjort det. Dei vart meir
og meir visse i trui um det. Dette laut det rådbøtast på. Ho
kom då ihug ei gamal råd ho hadde høyrt. So tok ho, som mor
skulde vera, ein mjuk pisk, og so piska ho denne vesle ungen.
Og det gjorde ho tre torsdagskveldar på rad. Då ho nett var
ferdig med dette tredje torsdagskvelden, kom det brått te henne
ei kjerring med ei liten unge på armen. Denne kasta ho inn over
golvet og kneip att den andre ungen. Og dermed sa ho det då
ho tok ungen:
"Å tvy vørte de! Du ha mishandla ungin vår, du, men mø ha
vøre snille ve din, mø."
Soleis fekk ho endeleg att sin eigen unge!
Dei gamle brukte mykje det at dei tok ein sylvskilling og
sydde inn i den eine enden på den listi som dei reiva småe ungar
med. Det skulde vera fordi det ikkje skulde hende dei noko
vondt. Dette tala han Karl um ofte. Dei brukte elles denne skik-
ken her i bygdi med. Det var mykje rart for i tidi du! Å ja!