Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Sidan du no spør om bytingar, så kjem eg på dei tala om ein slik i Tysfjord. Ja, det var eit par foreldre som hadde fått ei lita vekje for- bytt. Det dei hadde fått i stelle, var så ulikt på alle vis; det einaste ho kunne seia var: "Tonk! Tonk!" Og slik låg ho og gol lange økt'n. Når det var folk i gammen, var ho liggjande i ei krå; ho gjorde ikkje eingong meining til å set føt'n for seg. Men fyrst ho vart åleine inne, rende ho omkring,og var så snop som ei katte. Men om nokon let i gamdøra, fall ho saman. Så ein dag fann mannen på noko ekstra. Han gjorde ei tvare med eit skaft så langt det nådde opp gjennom jørholet, og så la han seg på gamtaket og tok til å styra i grautgryta med denne tvara. Men då vart det mål i bytingen. "E ha no leva i sju vefall; men at hånn far rør i grauten jønno røykholet, de ha e inkj sett før." No gjekk mannen åt skogen og skar tre heggriskvister, og så bar han ungen ut på marka og gav seg til å smør han av med riset. Best det var, kom det drivande eit ungt kvinnfolk med ein unge puinn armen. Ho let no ungen frå seg åt mannen og sa: "Her ha døkk'r sjiten. Kom ijen me henn mor mi!" På det viset fekk dei rett på barnet sitt.
Informasjonom sagnet og kilden