Tilbake
Sitering
Kort referanse
Bytingen. Norske sagn, ID 53360. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53360
Utvidet referanse
Bytingen. Norske sagn, ID 53360. ML category: ml5085 (Byttingen). Collector: Lars M. Fjellstad. Place: Eidskog. County: Hedmark. Archive signature: NFL 74, s. 13. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53360 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53360/
Bytingen
NORSK ORIGINAL
Bytingen.
For lenge, lenge sidan hadde dei ein byting på ein plass
ved Åbogen. Og han skulle vera så fæl å sjå. Dagstøtt sat
han borti roa og høyrde og såg på dei andre, men aldri sa
han eit einaste ord.
Denne bytingen var til ei stor plage for folka på plassen,
som meir enn gjerne ville bli kvitt han. Det var sagt at fekk
dei han til å tala, så skulle han få sleppa tur verda. Dei
freista på alle måtar å få eit ord ut av han, men det var få-
fengt.
Men ein dag fann kjerringa på plassen på noko underleg.
Ho tok noko vatn og litt mjøl og hadde oppi eit eggeskal
og hengde så dette over varmen. Så fann ho ein spiss staur-
ende og byrja røra med den i eggeskalet. Plent som ho ville
til å koka velling eller graut. Men da orka ikkje den eldgamle
bytingen borti roa å halda seg lenger. Han sette i ein gap-
skratt medan han sa:
"- Nå har je levd så lenge som sia fiste teinung på tuve
rann, men alder har je sett så stor ei turu i så lita grite."
Men ikkje før hadde han sagt dette, så ramla han tå krak-
ken sin og var daud med det same.