Tilbake

Bytingen på Lindheim

NORSK ORIGINAL

Bytingen på Lindheim. På Lindheim var det ein gong for lange tider sidan ein byting som dei trudde huldrefolket hadde bytt til seg i eit mannabarn. Gamal var han som alle haugar, og ingen kunde minnast honom ansleis. Ulikleg ljot var han au, og gjekk i stakk. Og ingen hadde høyrt honom snakke. Ein gong sat han og kinna - på ei gamal stavkinne som dei bruka i den tida. Han stampa hardt med kinnekrossen, og so skvatt det rome or kinna og ned på golvet. Da blei Lindheim- kjerringa sinna og dreiv til han under eine øyra so det small. Og da skreik han som ein gris som gryler. Det var eit fælt føllau og ei plage for garden. So fann dei på å koke ein liten grauteklatt og legge i ein stor vangar, og rundt vangaren lagde dei alle dei skeier dei åtte og hadde. So gjekk dei ut. - Da bytingen blei åleine, høyrde dei han prata for fyrste gong: "Ja, nå æ eg så gamal at eg har sett Lindem- skogen tri gonger bronnen og tri gonger oppatt-ronnen, men aller har eg sett so liten graut i so stor vangar med so mange skeier." Straks etter døde han.
Informasjonom sagnet og kilden