Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53364. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53364
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53364. ML category: ml5085 (Byttingen). Collector: Johan Hveding. Place: ingen nærmere stedsangivelse. County: Troms. Archive signature: NFL 53, s. 12f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53364 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53364/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Det var eit ungt ektepar som just hadde fått det fyrste barnet
sitt. Det var ein stor og gjæv gut. Og du kan skyna det var stor
gleda i den nye heimen. Barnet vaks, treivst vel den første tida;
men så med eitt vart heile guten som omskapt. Han hadde vore
snild og godlåten av seg fyrr. No låg han berre og illskreik.
Eit fælt remjande mål hadde han fått. Han tok og til å eta
ovmykje. Det var reint underleg at han fekk rom til alt saman
i den vesle kroppen. Det var likevel klårt å sjå at han ikkje
vaks meir, endå så mykje han åt. Ikkje lærde han å tala, og
ikkje lærde han å gå. Han låg berre i vogga og skreik.
Foreldra var reint ute or seg for det som hadde hendt guten
deira. Dei søkte mange slag råder; men like lite hjelpte det.
No var guten fire år, og endå kunde han ikkje gå. Gamle folk
meinte at dette barnet måtte vera bortbytt. Huldra måtte ha
kome over barnet deira og stole det, og så lagt denne tusseungen
i staden.
Dei tok til å vakta betre på barnet no. Til si store undring
såg dei at barnet bar seg anleis når det var åleine. Då kunde
det både røra seg og gå i kring. Og det var ikkje lite heller.
Ungen for rundt i kring i stova mest som ein galning når han var
åleine. No tvila dei ikkje lenger på at barnet var bortbytt. Men
korleis skulde dei bera seg åt med bytingen, og korleis skulde dei
kunna få sitt eige barn att? Det var dei vande spursmåla no.
Men det var no snart jol. Dei fekk venta til den tid å sjå.
Jolekvelden kom. Men dei bar ikkje fram noko av jolematen.
På bordet la dei berre skal og anna rask. Så gjekk dei ut og
stilla seg på lur i nøkleholet. Så snart ungen såg han var åleine,
gjekk han fram or vogga. Så stabba han seg til bordet. Men då
han såg den dårlege jolematen skreik han høgt: "No har eg
livd i sju vedfall; men enno har eg ikkje set maken til usseldom
korkje i mat eller fat." Dei som sto på lur sprang no inn og
treiv ungen i kragen. Dei vilde kasta han på gruva. Men fyrr dei
rakk så langt, kom det ei hulderkjerring setjande inn gjenom
døra med eit barn i armane. Ho kasta barnet bort til kona og
ropte: "Eg har vore betre mot skitungen din enn du mot gam-
lingen min!" Så greip ho i sin eigen unge og for ut like snøgt
som ho kom.