Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

På Skarsmoen i Øyer med, hadde det kome byting ein gong, som dei hadde dregist med på garden, mann etter mann, så lenge nokon visste. Han vart aldri såpass at han tok til å gå, og ikkje kunne han tala, så vidt dei kunne skjøne. Den eine mannen etter den andre dreiv garden og døydde, og ein ny ein tok atti att, men bytingen låg der og var den same. Til sist visste ingen kor gamal han var. Så lei det langt fram i tia, og ein dag kom det ei finnkjer- ing der, ei slik ei som rakte bygdom i millom i gamle dagar. Mannen på garden nemnde åt finnkjeringen at dei hadde ein byting der, og det såg ikkje ut til at dei skulle bli kvitt 'om, og ingen visste kor gamal han var. Kjeringa var ikkje finn for ingen ting. Ho visste råd, ho. "De skal ta eit halvt egge- skal og setta bort i gruva, og det skal likesom vera gryte, det. Så skal de ta og kviste ei unggran og stikke ned gjennom pipa og ned i eggeskalet, og lest som de rører i det med. Men gjer det slik at bytingen ser det." Dette ordna dei da til, og dei såg at bytingen fylgde med, og vart meir og meir glåmsøygd der han låg. Da dei tok til å røre med stauren, sette bytingen i og storskratta og sa: "Nå har eg vore i Skarsmoen i sju vedfall, men aldri har eg sett så stor tull i så liten dull." (Sume seier: Så stor turu i så lita gryte.) Da skreik det oppi berget: "Nå kan du koma heim att, Håkå," og med det same var bytingen borte.
Informasjonom sagnet og kilden