Tilbake
Sitering
Kort referanse
Bytingen på Åram. Norske sagn, ID 53371. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53371
Utvidet referanse
Bytingen på Åram. Norske sagn, ID 53371. ML category: ml5085 (Byttingen). Collector: Olav Rekdal. Place: Romsdal, Vistdal. County: Møre og Romsdal. Archive signature: NFL 30, s. 74. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53371 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53371/
Bytingen på Åram
NORSK ORIGINAL
Bytingen på Åram
På Åram i Langfjorden hadde dei ein gong fått ein byt-
ing. No er det slik med bytingom at dei ikkje talar, og kan
ein få dei til å tale er ein kvitt dei. - Bytingen voks og
treivst, men tale fekk dei han ikkje til, endå dei brukte al-
leslags råder.
Jau - so raka dei på ei skrøne: Dei sa at kongen skul-
de kome te Åram. Og so tok dei til å bryggje øl til kongen
kom. 0g dei ståka, og styrde og streva vekk, so overlag,
alle saman for å få detta brygget til.
Men då dei skulde te sjå - so hadde dei bryggja berre
ti ei kråkeskjel. Men då syntest bytingen det gjekk for
vidt, og so sa han:
"So stort eit ståss å so lite eit brygg he I allder set!"
Men so kom han vekk au då.