Tilbake
Sitering
Kort referanse
Bytingen på Høines. Norske sagn, ID 53377. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53377
Utvidet referanse
Bytingen på Høines. Norske sagn, ID 53377. ML category: ml5085 (Byttingen). Collector: Svale Solheim. Place: Karmøy. County: Rogaland. Archive signature: NFS Svale Solheim 1, s. 14f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53377 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53377/
Bytingen på Høines
NORSK ORIGINAL
Bytingen på Høines.
Bestemor mi fortalde ei segn um ein byting som dei hadde på Høines eingong. -
Ei kona på Høines hadde eit lite barn. Ein dag ho gjekk i fjoset for å mjølka, hadde ho gløymt å leggja salmeboki under høgjendet i vogga. Barnet sov då ho gjekk. Vel ferdig i fjoset gjekk ho innatt; men då ho kom i bislaget, høyrde ho ei fæl skriking frå stova. Ho stokk so illt då ho høyrde det, for hennar barn pla ikkje skrika på den måten. Og då kom ho brått til å tenkja på at ho hadde gløymt å leggja salmebok under hovudet åt barnet. Då ho var komi inn i stova og hadde set på barnet, skyna ho at dette var ikkje hennar barn. Dei underjordiske hadde nok vore der og teke det - og lagt sitt eige i staden. Det var ein byting ho hadde fått. - Og kona fekk sakte røyna at ho hadde fått ein byting i huset. Han skreik til alle tider; korleis ho enn stellte med han, like galen var han til å skrika. Men treivst gjorde han likevel; han vaks fort og var eit reint merakkelse til å eta. Og so var det enno ein ting som skilde bytingen ut frå andre ungar: dei høyrde aldri at han sa noko, sjølv då han var komen i den alderen då ungar kann tala reint. - Kona ynskte so ofte at ho kunde verta fri denne bytingen. Ho lika lite å dragast med han. Men so var det det at ho torde ikkje slå han eller vera leid med han heller; for ho visste at då vilde barnet hennar lida tilsvarande vondt hjå dei underjordiske. - Hadde ho endå berre fått bytingen til å snakka, so hadde det ingen vandske vore. Men der stod ho i skorfeste. -
So ein dag kom ein langframand rekarfant framum Høines. Slike folk galdt for å vera klokare enn andre. - Kona kjærde seg for han og spurde korleis ho skulde bera seg åt for å få bytingen til å snakka. Rekarfanten meinte at det skulde vera lett gjort; ho skulde berre gjera som han sa henne fyre. - So ferda dei seg til som dei skulde til med eit stort brygg. Lånte ei mengd bryggekjer, sette dei med botnen upp, fyllte so malt på toppen, so det såg ut som kjeret var altfor fullt. Fyrde upp i gruva og ståka med varmt vatn, og bar seg åt som dei hadde det so reint urimelegt travelt. - Bytingen sat og såg på dette ei stund. So sa han:
"No har eg vore so vida far
og vorte so mangt var.
Men aldri set so stort eit brygg og mykje søl,
men so lite øl!"
No då bytingen hadde tala, var det ingen fåre med å gå laus på han og gjeva han dugelegt stryk. Dei fekk seg tak i handyvle. Men då bytingen såg det, vart han redd og sprang ut. So sette han av garde og kom seg undan upp i fjelli, - og dei såg han aldri meir: -
Men folk hadde no den tru at bytingen kom seg inn i fjellet - og vart stamfar åt ei ætt der inne. -