Tilbake

Trollskap

NORSK ORIGINAL

Trollskap. Det var ein prest her i Rendalen som hadde svartboka. Ein morgon skulde tenestgjenta gjera upp senga hans, og so fann ho boka under høggjerda. Ho visste ikkje kva det var for bok ho, og so tok ho til aa bleda og lesa, til svartman- nen sjølv kom og spurde kva som stod paa. Gjenta vart so redd ho skreik ende over seg. Dette fekk presten høyra og tenkte seg kva det var, rende so paa stabburet og tømde ut ein ertersekk. So sette han svartmannen til aa rekna upp i att kvar erter, og innan han var ferdug med det, hadde presten faatt i boka og batt han att.
Informasjonom sagnet og kilden