Tilbake

Gamle Rynning. På eitt hjul.

NORSK ORIGINAL

Gamle Rynning. Erik Rynning var sokneprest her frå 1812 og til han døydde. Men alt i alt var han prest her i 59 år. - Om Rynning blir det ennå fortalt fleire merkelige historier, og folk trudde han hadde sjølveste svartboka. På eitt hjul. Lars Hærnes-Hagen tente hos (presten) Rynning. Så var det ein gong han skyste presten heimover frå Sander. Framved Mortdalsbekken tverrstante hesten med eitt, og ville ikke lenger alt det de smatta og slug på. Til slutt sa da presten til 'n Lars at han fekk gå utur og løyse av eine hjulet og legge det oppi fatinga på karjolen. Lars tykte det bar reint utur, kan du veta; men han laut gjera det like vel. Da han så var kommi på att, bar det i veg så gnistene sto etter, og det gikk fint på berre eitt hjul. Da de så stana frampå prestegarden, sa presten: "Takk for hjelpa; men gjer itte slikt meir!" -
Informasjonom sagnet og kilden