Tilbake

Dei ruska i finnkufta

NORSK ORIGINAL

Dei ruska i finnkufta. Ein finn var leikar i Lofoten. Ein dag dei sat og prata, så sa han at om han berre ville, så var det inga sak for honom å fara heim ein svipp. Nei det trudde dei andre ikkje. Då skulde dei få sjå, sa finnen. Han kraup inn under belen i romet og sa, at kva dei så fann på med, så måtte dei ikkje røra kufta hans. Det vart noko lenge før det vart noko meire livsteikn å høyra frå finnen, og så var det ein, som tok bort på kufta hans. Då var ho tom å kjenna til. Ei stund etter kom finnen til syne att, han hadde ei sølvskei med for å vise dei at han verke- leg hadde vore heime. Men det sa han, at han hadde hatt eit forferdelig ver i Vestfjorden. Det var då dei andre ruska bort i kufta hans. Det var berre såvidt han greidde seg fram med livet, sa han.
Informasjonom sagnet og kilden