Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Det var eingong ein mann som skulde til Geitsdalen til stølen sin. Då han kom upp til Geitsdalsfossen, ropte det til han: "Du skal segja det med ho Turid at han Tarald er daud". Då han hadde lagt seg um kvelden, fortalde han kona det han hadde høyrt. Då sette det i å yla og gråta i selet. Um morgonen synte huldri seg, og bad kona stella og akta beisti med ho var i gravferdi til mannen sin. Då vart alt huldrestellet synleg. Det stod eit fint rosemåla koppalad millom koppane til den andre budeia, beisti var blårosute. Kona akta beisti vel, og då ho Turid kom att, gav ho rikeleg løn for arbeidet.
Informasjonom sagnet og kilden