Tilbake

Huldi, som stal øl

NORSK ORIGINAL

Huldi, som stal øl. Dæ e ein mann, som kjem frå kvednin berande me mjølhitinn på riggi. Der ropa dæ upp i ein hammar: "Dagradl be ´n Nattradl heimatt gå, di at han Napp, son' henna ligg på eldi o brenne!" Når (r) malaren kjem inn i stovinn' seier han: "Dæ va ei undale rop, e fekk". "Ko sa dæ slag då?" spurde husens folk. O dæ sa: "Dagradl, be Nattradl heim att gå, di at han Napp, son' henna (r) ligg o brenn på eldi". Dæ sto eit stort ølkjerald (ein så) inne me øl i, som gjekk, - nett før dei vilde skaka upp. Då skreik dæ eit kvinnfolk burte hjå ølkjeraldi: Han Napp, dæ æ son' min, dæ! O ein skrangl vart dæ i kjeraldi. Huldi va der o stal øl, skjøna du. Ei sølvbøtta låg att ette 'na; ho ga seg ikkje ti o hadde 'kje på ta henne me se, o der møste ho henne og. Ja - du! Dei æ ute på mangt, slike og då, skjønna me.
Informasjonom sagnet og kilden