Tilbake

Budeia stelte åt huldri med ho gjorde likferd

NORSK ORIGINAL

Budeia stelte åt huldri med ho gjorde likferd. Han far tala um at ein gong morbror i Bøle skulde åt Bølistrø'n i Bjødale, vart han ute for noko underleg. Då han var komen burt i Kavlelie, høyrde han det skreik so kvelt til seg: "Hels henne Dunilla på mine, han Daffin e dø!" Då han kom på sætri til kjerringi si, sa han: "De skreik so rart heim i li'n her!" "Ko va de de sa då?" sa kjerringi. "Hels henne Dunilla på mine, han Daffin e dø!" sa det. "Auf! de va mann'n minn de!" sa ei dei vart var stod burtmed stellebenken. Ho slepte med det same ned ei mjølkebytte ho stod med. "Du vil 'kje stelle åt me me e e heime i gravøls?" sa ho som stod ved stellebenken. Jau, kjerringi i Bølistrø'n lovde då dette. Ho vilde gjerne stå seg godt med tilhaldaren sin. Då ho um morgonen kom uppi fjøset sitt, stod det fine fremandkrøter på annankvar bås. Ho mjølka dei som sine eigne, men ser. Og det var skilleg snildt i dei. Då ho kom ut i mjølkebui og skulde sile upp, var det annakvart trog på slindene ho ikkje kjendest ved. Ho silte då framandmjølki i desse trogi. Alt gjekk godt og vel med stellen. Men um nokre dagar kvarv både kyrne og trogi burt att, og Bølis-kjerringi merka ikkje meir tilhaldaren sin.
Informasjonom sagnet og kilden