Tilbake

Ho Hurvil fekk helsing um at han Snurvil datt åt fjorden

NORSK ORIGINAL

Ho Hurvil fekk helsing um at han Snurvil datt åt fjorden. Det var ein mann or E., som skulde fara på sætri ein sumar. Det var ein vakker solskinsdag, og det var steikjande varmt å ta seg innover viddi både for mann og hest. Då han kom innpå åsen eit stykke, høyrde han det ropte på seg og sa: "Hels henne Hurvil på at han Snurvil datt åt fjore, du mann, når du kjem på stølen!" Mannen undrast nok litt på dette. Men då han kom på sætri, stod kona hans og ysta. Han sa då uppatt det som var ropt på han: "Hels henne Hurvil på at han Snurvil datt åt fjore, du mann, når du kjem på støl'n!" sa det til meg heim på viddi. Då var det nokon som sa burt ved ystegryta: "Nei, huff då!" Med det same fekk dei sjå at det stod ein ystestokk og eit trog der. Huldri, ho Hurvil, hadde nok stade ved sida åt kona til mannen, då han kom inn, og ysta or same panna. Men då ho fekk denne leide helsing, kvarv ho burt, og ystegreidone hennar vart ståande att.
Informasjonom sagnet og kilden