Tilbake
Sitering
Kort referanse
Hamar i Halle og Klingande Skalle. Norske sagn, ID 53445. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53445
Utvidet referanse
Hamar i Halle og Klingande Skalle. Norske sagn, ID 53445. ML category: ml5000 (Troll liker ikke uro ("Lån meg storkjelen")). Informant: Ragndi Knutsdotter Kyrkjevoll, f. 1862. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vestre Slidre. County: Oppland. Archive signature: NFL 75, s. 169. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53445 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53445/
Hamar i Halle og Klingande Skalle
NORSK ORIGINAL
Hamar i Halle og Klingande Skalle.
Det var ein gong ein som heitte Tor Lange og nokre
andre som låg i Strø og skulde veide rjupor. Då det
leid til jol, strauk dei andre heimatt, men han Tor Lange
vilde gje seg til i Strø. Han tenkte vel at han skulde
veide mykje når han vart åleine. Ein dag han var ute
og skaut, høyrde han det skreik i frå Bukonokampe:
"Hamar i Halle!"
So svara det i frå Nøsakampe:
"Ko vil du me Klingande Skalle?"
Hin svara:
"E vil låne den store buskapskjelen din."
So svara det att frå Nøsakampe:
"Ko vil du me hono?"
Hin svara:
"E vil koke 'n Tor Lange, so alder vil heimatt gange!"
Då ropte han Tor:
"Ko lengji e de te jol?"
Det svara:
"De e natte ei o dagadn tvo te jol!"
Og dermed var han Tor Lange sæl, han pakka seg
heimatt og det fort.