Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53456. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53456
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53456. ML category: ml5000 (Troll liker ikke uro ("Lån meg storkjelen")). Collector: Johan Skrindsrud. Place: Etnedal. County: Oppland. Archive signature: NFL 77, s. 91. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53456 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53456/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Tre gutar var innunder jul auste ved Skagstinden på
snoroveiding.
Dei lurde på om dei skulle vera der heile helgi. Det vart
til det at tvo for heim, men ein var att.
Han heitte Tøstein Lange, og han drog på veiding som
før.
Vinden tuta og song i tretoppo, og det var heilt stjerne-
klårt.
I grålysingi høyrde han Tøstein det ropte med grovt
mæle frå Store-Skaget: "Hu, Hamar i Halle!" Frå næraste
tinden svara det: "Ko vil du me, Klingande Skalle?" Og
han Hamar i Halle svara: "E vil låne store-ringarn din o
koke n Tøstein Lange; han heim att inkji vil gange te
den hellige juleeftas-kveld."
Då vart han Tøstein fælen, vende heim att, og det lova
han med seg sjølv, at aldri skulle han fara til fjells på
rjupeveiding meir - juletider.