Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53482. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53482
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53482. ML category: ml3020 (Ukyndig løser Fanden). Collector: Halldor O. Opedal. Place: Odda. County: Hordaland. Archive signature: NFL 23, s.110f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53482 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53482/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
Ein prest her var og ille faren soleis. - Han var ein spreng-
lærd svartebok-mann og kom té preika tå den teksten i boki
som løyser styggemannen. Kom han so rennande inn i kyrkja
og gjekk uppetter imot preikestolen. Folket vart vitskræmt, som
ventande kunde vera, og flaug upp or stolane og vilde springa
på dør. Presten bad dei då ifrå preikestolen at dei fekk halda
seg i ro. Steig han so ned og burt té gamlingen, treiv honom
i bringa og drog honom med seg ned i fjøra. Her sette han
karen i arbeid: han skulde laga eit par alner tog tå sand.
Med dette stod på, batt presten honom for godt. Sidan drog
han upp i kyrkja og heldt fram med preiki. Og no tala han
so sterkt um té styggjast for sattan og halda seg té vaherra
at folket vart ikkje likt seg, og gudlege og velseda var dei so
lenge presten levde.