Tilbake
Sitering
Kort referanse
Kvenflåget. Norske sagn, ID 54049. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54049
Utvidet referanse
Kvenflåget. Norske sagn, ID 54049. ML category: ml8000 (Utfor stupet). Collector: Ragnvald Mo. Place: Salten. County: Nordland. Archive signature: NFL 69, s. 140. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=54049 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/54049/
Kvenflåget
NORSK ORIGINAL
Kvenflåget.
På Leivset (Fauske) har funnest eit matbord der det var
slege inn mange naglar av massing. Naglane var ei min-
ning om talet på dei røvarane som gjekk klar i Kven-
flåget. Ein av dei mennene frå Leivset som var med og fekk
lika or flåget, sette ein nagle i bordet for kvart lik dei
hadde funne.
Ein lapp som heitte Pål, og som var buande i Solvik-
marka, vart tvinga til å visa røvarane over fjellet. På
turen over tenkte han ut kor han skulle hindra dei i å
rana i bryllaupsgarden på Leivset. Då dei var komne så
langt frampå det tok til halla unna mot andre sida, fekk
dei høyra låten av havalden nede på fjorden. Han Pål bad
dei andre lya etter og sa det var bryllaupsfolket som sat
ved borda og song. Så bad han dei halda etter der han
rende føre. Han sette no av unna, til han var heilt frampå
flåget; der gjorde han ein bråsving. Dei som kom etter,
visste inkje kor det skar med seg i landet og fekk inkje
stopping på ski'n, men rausa utfor. Berre ein i fylgjet
fekk kasta seg ned og vann krøkja seg fast frampå stupet.
Men han Pål peka mannen utfor med spjøtstaven.
Så sette han av ned til Leivset, til bryllaupsgarden, og
fortalde om røvarane han hadde vist utfor flåget. Folk
trudde lappen tala i fylla. Han bad då folk koma ut og lya
etter, og der fekk dei høyra aloen av dei som enno var
hengande i flåget.