Tilbake

I Horpedalen

NORSK ORIGINAL

Ein gong hadde ein prest gløymt aa gøyma svarteboki. Ho laag att paa kontoret. Borni fekk tak i henne, og las den bøni som løyser den vonde. Han kom laus medan presten stod paa stolen, og kom til presten. Men ingen i kyrkja saag han anna presten. Daa sa presten: "Eg maa heimatt. Det staar gale til heime." Han gjekk heim og inn paa stabburet og kvelvde ut ei tunna rug og ei tunna bygg og blanda dei saman, og so skulde den vonde plukka eit korn um gongen og sortera. Presten gjekk til kyrkja att og gjorde seg ferdig med gudstenesta, og daa han kom heimatt hadde den vonde rive ned stabburet, for det hadde kome eit rugkorn burtunder ein stabbursstolpe, og han visste ikkje aa faa tak i det paa annan maate enn aa riva ned stabburet. I Horpedalen, skulde det eingong vera ei svartebok. Ein sundag daa husbonden var til kyrkje, hadde ei tenestgjenta funne svarteboki. Sume segjer at det var kona paa garden som fann boki daa ho for og leitte etter blankehatten sin. Ho slumpa til aa lesa det stykket som løyser den vonde. Han tok til aa rumstera og halda leven, og so sette ho han til aa plukka stein uppe i ei stor urd under ei liti fjellnov som heiter Gygri. Han dreiv paa so hardt at det losna ei stor stein- og jordskreda som tok med seg ein del av husi paa garden og for ned gjenom Mara-gilet. Dette maatte vera i den tid daa kyrkja stod paa Bøyum; Mannen hadde ride til kyrkja, fortelst det, og dei høyrde dunen av skreda midt under Gudstenesta; husbonden skunda seg utor kyrkja og reid heimatt det snøggaste han vann og fekk binda styggemannen. Paa "Konnkvinao" nede paa flaten har dei funne stabbursstolpar og grytebetar og andre ting djupt nede i jordi, so det er sikkert at det eingong maa ha gaatt ei skreda som har teke noko av garden med seg.
Informasjonom sagnet og kilden