Tilbake
Sitering
Kort referanse
Svartaboki. Norske sagn, ID 53538. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53538
Utvidet referanse
Svartaboki. Norske sagn, ID 53538. ML category: ml3020 (Ukyndig løser Fanden). Collector: Sjur Bøyum. Place: Jostedal. County: Sogn og Fjordane. Year: 1933. Archive signature: NFS Sjur Bøyum 5, s. 15. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53538 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53538/
Svartaboki.
NORSK ORIGINAL
Svartaboki.
Han Svarte-Mons var i si tid prest i Luster. Eingong hadde han messe i Nes-kyrkja, og so var han i gjestebod hjå ein bonde. Då han var komen heim, merkte han at han hadde lagt att Svarteboki, og sende so rådsdrengen til Nes, for å henta henne. Han åtvara han imot å opna boki. Drengen tok avstad. På heimvegen var han innum ein plass dei kallar Nes-løypti no, og då vart freistingi for stor. Han opna boki, og trefte til å lesa den bolken som løyser den vonde. So kom det ein mann til, og drengen skyna med eingong at det var hinkaren sjølv. Han kjende til at vondemannen måtte setjast i arbeid og sa: "Du skal uppå fjellet her og ta med deg skog og mark i ei viss breidd, og føra det ned på sjøen." Jau, so for den vonde, og drengen sprang på livet til han kom til Flohammar. Då hadde den vonde gjort arbeidet, og dei kallar den renna i fjellet som han hadde laga, for Nes-løypti den dag i dag.
Drengen laut finna på nytt arbeid, og so sette han hinkaren til å laga eit tog av sand på sjøbotnen millom Flohammar og Tollset. Då gret den vonde, men han måtte i veg. Då hadde han fått so mykje og hardt arbeid, at drengen vann seg heim til prestegarden, so presten fekk binda han att. Dei gamle har fortalt at i klårt ver skal dei ha set sandtoget på botnen av sjøen.