Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Han Eirik Trøståkermoa hadde fått tak i ei svartbok, som han for og las i, og så hadde han komi til å lesa slik at han løyste Styggen. Det var nå sakte reint uviljes au, det, kan eg tru, for han visste ikkje å få bundi han att, og heldt på vart snuppande i beit for 'om. Han Eirik visste seg ikkje onnor råd enn å ta spranget nordover til klokkaren, og få hjelp til å binde Gamlin. Han flaug nok mest livet tå seg, for han tykte Gamlin var i hælom hans til kvar tid. Det vart ei stund før klokkaren fekk funni fram det som skulle til, og da var det om å gjera å få hefta bort Styggen så lenge til han fekk ordna seg. Klokkaren tok da ein påså med erter som han tømte ut over ein bakke der, og kommederte Styggen til å plukke opp att erta, ei for ei. Men Styggen var snøgg i snuom, så det sto ikkje lenge på for 'om å få frå seg arbeidet. Og ennå var ikkje klokkaren ferdig til å gjeva seg i kast med 'om. Da visste han ikkje onnor råd enn å setja Styggen til å spinne reip av sand ned-ved elva der, og med det vart han tufsande så lenge at klokkaren endeleg hadde sakerne i orden. Og da var det ikkje lenge før Styggen var bunden att. Men menneske så lett og glad som Trøståkermoin var da han for sø'over att den gongen, skal ein ikkje godt-om sjå.
Informasjonom sagnet og kilden