Tilbake

Søren Schive

NORSK ORIGINAL

Søren Schive. Søren Schive, som var prest i Bjelland, var ein trollkunstnar paa mange vis. Han hadde svarteboka og. Kvar onsdagskveld var Søren i kyrkja. Kva han gjorde der, visste ingen. Frua var saa overgjeven for dette, og visste ikkje kva ho skulde finna paa, saa ho kunde faa han til aa slutta med desse kyrkjeturane. Ho vilde daa prøva um ho ikkje skulde faa sett støkken i han, saa han ikkje vaaga aa gaa til kyrkja meir um kveldane. Ho klædde daa ut tenestguten i nokre skinnklæde, og stelde han til saa tygg og ugodsleg som ho kunde faa han, og saa skulde han staa utanfor kyrkjedøra saa presten saag han med same han kom ut att or kyrkja um kvelden. Daa presten fekk set dette skrymtet som stod der, ropa han: "Æ dæ folk, saa svar!" Han ropa fleire gonger, men han fekk ikkje svar. Daa tok guten til siga ned i jorda, og han sokk og sokk til han stod i til under armane. Daa blei han redd og sa kven han var. "Naa va dæ godt du talte, hell ha du vore i evihedaa um et lide grann!" sa presten. Og saa var det ikkje lenge, saa stod han paa jorda att.
Informasjonom sagnet og kilden