Tilbake
Sitering
Kort referanse
Gjenta som herr Lars mana ned i kyrkjegarden. Norske sagn, ID 53553. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53553
Utvidet referanse
Gjenta som herr Lars mana ned i kyrkjegarden. Norske sagn, ID 53553. ML category: ml3005 (Prest maner "spøkelse" i jord). Informant: Per Olsson Øyråker, f. 1858, d. 1945. Collector: Knut Hermundstad. Place: Vestre Slidre. County: Oppland. Archive signature: NFL 86,s.88f. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53553 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53553/
Gjenta som herr Lars mana ned i kyrkjegarden.
NORSK ORIGINAL
Gjenta som herr Lars mana ned i kyrkjegarden.
I Vestre Slidre var det ein gong ein prest som dei kalla herr Lars.
Han hadde so ofte ærend åt Slidrekyrkjun seint um torsdagskveldane.
Han sa at han mana burt åndane. Ein kveld kom tenestegjenta åt presten
på at ho vilde skræme han. So kasta ho over seg ei kvit bleie og stelte
seg til stå blega på kyrkjegarden då presten kom ut or kyrkja. Herr Lars
vart fort var den kvite skapnaden, og so ropte han:
"Æ du følk, får du seia i frå!"
Men det knatt ikkje i den kvite skapnaden.
To gonger til tok presten uppatt ropet sitt, utan å få svar.So
mana han gjenta ned i jordi til knes og tok so uppatt det same ropet.
Men ikkje ord fekk han til svar.
So mana han gjenta ned i jordi til beltet. Fyrst då tok ho til
å beda for seg, men då var det for seint å ta ho att.
Då gjekk herr Lars inn i kyrkja att etter brød og vin og gav gjenta.
So bad han farvel med henne, og so for gjenta ned i jordi. Slik har eg høyrt
segni.