Tilbake

Folket på Utrøst

NORSK ORIGINAL

Folket på Utrøst. Her eit år kom det eit fælt uver over ei jekt som skulde nord- over frå Bergen. Ho var nett komen ut av Hellivær då uveret kom over ho. Ho laut til havs, og kom så langt ut, at ho miste all landkjenning. Då ho hadde siglt såleis på det uvisse ei tid, fekk ho sjå eit land. Ho styrde uppunder dette landet; men ingen kjende det. Det var ei vik innmed landet, og i den heldt jekta upp. Vinden stod då av land, og jekta ankra der. Skipperen baud så mennene sine å setja båt på sjøen og ro landtoget ut. "Ingen skal gå i land!" sa han. "Berre kast togenden mot ein stein! Dei gjer vel fast som i land er," meinte han. Mennene gjorde då som skipperen sa: dei rodde i land og berre kasta toget upp. Jekta låg då godt der um natta. Næste morgon sende skipperen båten ut etter landtoget. "Ingen skal gå i land no heller!" sa han. "Dei løyser nok som batt gjorde. Berre rykk toget til dykk!" Folket så gjorde. Der- med sette dei til havs att. Dei kom til Noreg ved Lofotodden.
Informasjonom sagnet og kilden