Tilbake
Sitering
Kort referanse
Hamna på Utrøst. Norske sagn, ID 53560. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53560
Utvidet referanse
Hamna på Utrøst. Norske sagn, ID 53560. ML category: ml4075 (Utrøst). Collector: Johan Hveding. Place: Ofoten. County: Nordland. Archive signature: NFL 33, s. 87. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53560 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53560/
Hamna på Utrøst
NORSK ORIGINAL
Hamna på Utrøst.
Det var ei håløygjekt som tok ut frå Bergen noko seint på
året ein gong. Ho skulde med varer til bygdefaret nordpå.
Tida drog ut, så det var alt ut på hausten då jekta kom
inn i Trondheims-leida. Det galdt no å nytta børen best mog-
leg og gjera vegen så stutt som råd var. Skipperen vilde då
at dei skulde sigla havet frå Froøyane til Lofoten. Dei andre
meinte det same, og så styrde jekta ut.
På vegen kom det eit forferdeleg uver over folket. Dei siglde
og siglde og visste ikkje kor dei var. Dei såg korkje land eller
leid, og alle var visse på at dei gjekk fyre det. Med eit fekk
dei sjå eit land langt framme. Dei siglde nærare; men ingen
kjende landet. Det var lågt og fint, og der var grønne enger. Dei
styrde uppunder og kom upp i ei vik. Der var det kjørt og
vinden stod av land. Dei låg der til stormen gav seg.
Då dei hadde løyst, var det inkje land å sjå. Dei låg på
ville havet. Så siglde dei atter i mange dagar. Då kom dei
under land ved Lofotodden.
Då jekta kom heim, tala folk mykje um dette landet. Ingen
visste kor jekta hadde vore; men mange gat på at ho hadde
vore på Utrøst. Seinare sette dei jekta upp. Då synte det seg
at det var rett som folk hadde meint. Dei fann byggaks i styre-
lykkja på jekta. Dei hadde siglt over kornåkrane på Utrøst.