Tilbake
Sitering
Kort referanse
Utrøst. Norske sagn, ID 53564. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53564
Utvidet referanse
Utrøst. Norske sagn, ID 53564. ML category: ml4075 (Utrøst). Informant: H. Sund. Collector: V. Riksheim. Place: Vefsn. County: Nordland. Archive signature: NFS V. Riksheim 1, s. 10. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53564 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53564/
Utrøst.
NORSK ORIGINAL
Utrøst.
Det var ein skipper i Vesteraalen som hadde tvo jægter; den eine styrde ein som heitte Paal – han var skipperdreng. Han Paal vart forelska i dotteri til skipperen, og ho i han. Men han var fatig, og far hennar rik, so det var ikkje so godt. Ein gong beggje var i Bergen med jægtene heldt skipperen eit lag og i det vaaga skipperdrengen "bera upp erennan sine". Skipperen var daa so mykje paa ein lett at han lova drengen dotteri si dersom han kunde naa fram med si jægt fyrr skipperen med si. No hadde skipperen storjægti sjølv og ho var mykje haalare aa sigla enn den hi. Daa dei snart skulde sigla sa drengen til dotteri at ho skulde setja seg og strikka attmed lauparen naar det vart god bør, og for kvar gong ho strikka skulde ho støyta med olbogen burt i lauparen, so at jægti minka paa farti. Det gjorde so mykje at beggje jægtene fylgdest aat heilt til Støtt. Daa fekk dei slikt eit "aaver" at dei la seg fyre. Men um kvelden daa det vart myrkt, tok drengen ut med si jægt. Du kann skyna det vart ei fæl køyring daa dei kom i sjøen; mannskapet meinte det stod reint paa livet og det berre for drengen si skuld. For jægtene gjekk aldri inner; dei gjekk so mykje yter som dei berre kunde.
Um ei lang stund kom dei i smult vatn igjen, men han bles like mykje. Skipperdrengen spurde dei daa um dei vilde ha hamn eller um dei vilde sigla lenger. Dei meinte det dei at som det no var, kunde dei likso gjerne sigla. Og so sigla dei og kom snart ut i same storsjøen att. Men dei kom daa heim paa den maaten so tidleg at dei hadde baade lossa jægti og sett ho upp daa skipperen kom heim med storjægti. Men daa ho var uppsett, fann dei eit stort rugaks millom kjølen og styret. Daa skyna dei at dei hadde styrt igjenom rugaakrane paa Utrøst daa dei for der det var kyrt, og at eit rugaks hadde vorte hengjande att.
Men drengen fekk gjenta for at han var so dristug. Og ifraa den dagen fekk han det namnet Slørvpål.