Tilbake
Sitering
Kort referanse
Norske sagn, ID 53673. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53673
Utvidet referanse
Norske sagn, ID 53673. ML category: ml4070 (Draugen prøver rom). Collector: Ragnvald Mo. Place: Nordfold. County: Nordland. Archive signature: NFS Ragnvald Mo 10, s. 60. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53673 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53673/
Uten tittel
NORSK ORIGINAL
I Stamsund var det ein mann som var so illa søkt av drågen. Kva tid mannen kom i naustet, var det gjort uprette. Millom anna fann han årane liggjande rangvegen.
Ja, so ein kveld gav mannen seg i naustet for å vakta på. Han la seg i framskotten og tulla kringum seg eit segl. Leid på fekk han høyra noko som kom furande etter nausttufta; og straks etter var det i etterskotten. Det var då drågen som var ute å vange. Kom so fram gjenom båten. Men for kvart rom han kom til, sa han: "Her høv da inkj!" Sluttpå var han i framromet der mannen låg; men då sa han: "Her høv da!"
"Ja, høv da før de, so høv da før me å," sa mannen. Dermed smikka han kleppen i nakken på drågen.
Etter den tid fekk mannen ha årane i maken i båten.