Tilbake

Breistrandfinn

NORSK ORIGINAL

Breistrandfinn var frå yttersida av Lofoten ein staden. Han var i si tid ein av dei mest namnkunnige jekteskipperane her nord. Og lenge etter han var død, gjekk det ord um han. Um nokon merkte seg ut med å vera uredd på havet, brukte folk likna han med Brei- strandfinn. "E mein du fira inkj a' før sjølve Breistrandfinn." Det vart eit heilt ordstø av dette. Ja, endå so seint som i min uppvekst veit eg at gammalstøytane dreiv og spøyka med desse orda. Breistrandfinn var overhendig kjær etter brennevin. Men han kunde vera kor full han vilde, fram kom han um det rauk av lufta. Soleis var det ein gong på Stadhavet under ein Bergens- tur dei kom ut i eit forrykande ver. Denne same gongen låg skipperen overdrukken atti jektvengen. Ja, mannskapet heldt det no gangende til dei ikkje såg det likt lenger. So var ein ned og røska i skipperen og sa kva tilstand det var. Dei fekk han no på dekk; so vart to tilsagd å halda han på føt'n, den tredje på roren. Men dei venta no berre tid for tid at dei kom til å gang ned. Einast skipperen hadde trua god. "Ta da me ro, glunta! Kjinnsunna ska vi ha om so hånn tykje står i stein." Og Kinnstrandneset fekk dei òg sluttpå; men ingen av mann- skapet visste retteleg kor dei var komne dit. Ein gong dei låg uti Vestfjorden, sette det inn med slik skodde. Dertil var det bra tungsjøåt og grapse ver elles. Som dei låg der og dreiv, visste dei ikkje av før jekta var komen i eit sund. Men etter alt det mannskapet hadde rekna ut, so skulde dei liggja bra til havs. So dette kom noko uventa på, som du skynar. Dei tok no hamn; men skodda var so stinn det var just so dei timde land. Alt med dei låg, reiv det, og no fekk dei til si undring sjå det var ope og flatt land til båe sidor. Og grønt og pent vistes det kvar dei såg. Og kringum på jordene gjekk det store kreturskokkar og beitte. Men folk sågst der ikkje. Breistrandfinn hadde då forklara for dei kvar dei var. "Vi e no i Utrøst," sa han. Seinare ein gong dei var siglande i Vestfjorden, kom dei ut for det same. Dei tok hamn i Utrøst. Men denne gongen hadde dei fare med jekta gjenom ein kornåker, for det fanst kornaks fasthangande i jektroren. Han hadde elles sagt seg god for det, Breistrandfinn, å ta hamn i Utrøst når han vilde. Og folk fekk syn for det han var mann for sine ord.
Informasjonom sagnet og kilden