Tilbake

Nykkelen til Utrøst

NORSK ORIGINAL

Nykkelen til Utrøst. Det var eingong ei nordlandsskuta som kom ut for eit for- ferdeleg uver. Folket laut leggja skuta på driv for å berga seg. Såleis låg dei i fleire dagar. Tilslutt visste dei ikkje kor dei stemnde eller kor dei var. Veret vilde ikkje gje seg. "Det er så mange som skal ha kome uppunder Utrøst og vorte berga," sa skip- peren. "Det var 'kje så vel at vi fikk livd av det landet!" Natta etter kom Utrøst-mannen til han. Han heldt ein stor nykkel i handa. "Her skal eg gje deg nykkelen til Utrøst," sa han. "Så lenge du har den, skal du alltid finna landet. Men du skal lova meg ein ting: Du skal festa bu i landet og vera der." - "Nei, på Utrøst vil eg aldri bu!" sa skipperen. "Så skal du sleppa å koma til Utrøst nokon gong!" sa Utrøst- mannen. Med det same var han burte. Då folket fekk landkjenning, var dei komne inn imot Vest- fjorden.
Informasjonom sagnet og kilden