Tilbake

Uten tittel

NORSK ORIGINAL

Paa Byremo i Grindheim hadde Jo i Monen bygt floren sin like over der underjordsmannen hadde stova si. Han kom daa til Jo og sa han laut flytta, for naar kyrne lanna saa rann det like i kaffikoppen hans, og han bad Jo at han laut med inn og sjaa. Han saa gjorde. Underjordsmannen stelde til kaffi for Jo, og daa dei hadde sete eit bil, kom det ren- nande noko lann like i kaffikoppen til Jo. Men daa totte han at han laut flytta, og det gjorde han. Daa fekk han lukka av krettoret, det hadde han ikkje havt før.
Informasjonom sagnet og kilden