Tilbake
Sitering
Kort referanse
Flytja stallen. Norske sagn, ID 53594. https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53594
Utvidet referanse
Flytja stallen. Norske sagn, ID 53594. ML category: ml5075 (Flytte fjøset). Collector: Sigurd Nergaard. Place: Rendalen. County: Hedmark. Archive signature: NFL 11, s. 195. Digital source: https://www2.hf.uio.no/eventyr_og_sagn/index.php?id=53594 Explorer record: https://ul-dhc.github.io/norwegian-folk-legends/legends/53594/
Flytja stallen
NORSK ORIGINAL
Flytja stallen.
Det er so mange som har lote flutt husa sine for huldra.
Ein mann i Ytre hadde stallen sin paa ein høg steinmur, og
der fekk han aldri ha hestane sine i fred.Kvar morgon var
haaret og rumpa fletta paa deim. Kor mykje han løyste upp
att um dagen, vart dei fletta att um natta. So ein dag kom
det ein framand mann inn og bad han flytja stallen, for det
rann tur stallen og paa matbordet hans, sa han. Mannen
svara ikkje større paa detta, og stallen vart ståande der. Men
so ein dag han kom aat stallen, sokk han ende beint ned, og
kom inn i eit rom under jorda, og der var det fullt med folk.
Paa bordet var det framsett mat, og han vart beden burtaat.
Daa han hadde sett seg, kom han til aa sjaa upp, og daa
hekk det ein diger slipestein i eit haar beint over hovudet paa
han. Han vart redd, kan du vita, og vilde flytja seg undan; men
dei sa han berre kunde sitja, steinen datt ikkje. Han laut daa
vera der han var; men han sat berre og glytte upp paa denne
steinen i einingen, og ynskte seg berre vel der i fraa.
"Ja saa utrygg du sit no, saa utrygge sit vi hør gong vi
ska faa oss mat vi," sa dei.
Han tok daa og las ei bordbøn, og med ein gong stod han
uppe paa jorda att. Men daa vart stallen flutt.