Tilbake

Han Lars i Bakkan og nyfjøsen

NORSK ORIGINAL

Han Lars i Bakkan og nyfjøsen. Han Lars i Bakkan skulde byggja seg nyfjøs her eine året, og hadde funne seg ei slik gjæv tuft, tykte han. Alt gjekk vel; men då fjøsen var skikkeleg halvbygd, hadde han slik underleg draum ei natt: Han stod på tømringa og såg utover fjøsen sin. Då kom det ein framand mann til han. Han gav seg i snakk med mannen og dei rødde um eit og anna. Tilslutt sa framand- karen: "Du gjorde deg ei uråd med å setja fjøsen din nett her. Det blir berre ulukka med buskapen din." Fjøsen bygde han Lars opp, og buskapen sette han inn då hausten kom. Men det var alltid noko underleg å merka seg i nyfjøsen. Sjeldan stod krøttera rolege. Rauta og brekta gjorde dei mest allstøtt, og ofte var dei lause når folk kom i fjøsen um morgonen. Han Lars var lei seg for dette, men sa ikkje stort. Tilsist hende det at ei ku vart bråsjuk og døydde. Då tenkte han Lars på draumen sin. Neste somar gjekk han Lars oppover marka ein dag og skulde sjå seg om. Då kom det ein mann i møte med han. Dei helsast og kom i tale med kvarandre. Lars tykte han hadde sett mannen før. "Kom så går vi heim til meg," sa framandkaren. Då dei hadde gått nokre steg, stod dei med eitt inne i ei nyvoren stova. Det var lyst og vakkert inne. Stolar og benker var måla. På veggene hang mynstervovne teppe, og bordet var vent duka. Ei gamal kjerring sat og spann. Nokre born leika borte i ei krå. Mannen bad Lars setja seg. "No kan du sjå deg vel om oppunder taket her," sa mannen. Han Lars såg då ein brun flekk, og ein stor drope som hang over bordet. I det same datt dropen ned. "Den dropen kom frå fjøsen din, granne," sa mannen. "No kan du sjå kva vi får nøya oss med, sidan du sette fjøsen din nett på den staden. Eg vil råda deg til at du flyttar fjøsen din, dersom du vil ha buskapen din i fred." Meir sansa ikkje han Lars før han stod på tunet i sin eigen gard. Same somaren flytta han Lars fjøsen sin, og etter den tid visste han ikkje av uhell med buskapen.
Informasjonom sagnet og kilden